torsdag 26. mai 2011

Kaninbyen - Bokmelding


I norsktimane i det siste har me lese boka “Kaninbyen” av Arild Rein, som blei gitt til heile Stavanger gratis i 2008 i forbindelse med prosjektet “Hele byen leser”. Me fekk i oppgåve å skrive ei bokmelding av boka på nynorsk, og den får du her på bloggen min. Eg har òg valt å ta med ein personkarakteristikk av hovudpersonen Johnny, fordi personlegdomen hans er noko av det viktigaste å få med seg for å forstå boka.  “Kaninbyen” speler på Aleksander Kielland og hans figur Morten Kruse sin skildring av Stavanger og korleis byens “kaninar” heldt byen og distriktet i sin hole hand med dommedagsprofetiar og økonomiske pressmiddel.


Kaninbyen handlar om den 35-årige eks-politimannen Johnny som har planar om å selje sjølvdyrka poteter med mais, rømme og sjølvstolen bacon under Gladmatfestivalen. Då han møter ei asiatisk dame som heiter Kim og blir interessert i ho, blir vegen til Gladmaten ikkje heilt utan problem. Han finn til dømes ut at mannen hennar ikkje er daud som ho hevdar, men har ein alvorleg form for demens, og at ho har eit norgesglas med hundre tusenkronesetlar. Dette viser seg seinare å vere pengar ho har tent på menneskesmugling. Når han får i gang potetsalet får me sjå Gladmatfestivalen gjennom hans auge, og han ser berre ein haug med ravande fulle og foraktelege menneskjer. 




Bakt potet med bacon
og rømme (utan mais)
I ein episode kjem ein full by-kjendis bort til han og forlangar ei bakt potet. Johnny nektar han poteta, fordi han hatar slike “dritfolk”. Seinare kjem mannen tilbake med ein kompis og skal banke opp Johnny, men det ender med at Johnny bankar han opp til han spyr. Dette er berre eit døme på korleis Johnny er som person, han har ingen grenser for kva han gjer, og føler han for det stel han gjerne 4000 kroner eller tømmer fire butikkar for bacon. Og grunnen til at han ikkje jobbar som politimann, er at han blei oppsagt for å ha leigd ut leilegheita si til prostituerte. Han er egoistisk, og verkar kjenslemessig avstumpa, og ein kan lure på om han har gått på eit eller anna tungt stoff ein gong. Til slutt blir han forelska i Kim, og ho blir forelska i han. Men når ein torpedo dukkar opp på døra hans på bestilling av stefaren er han snar med å bestille billettar til Tunisia og stikke av. Og så er historia over.

Tema i boka er i hovudsak at Stavanger og stavangerfolk er ein haug med bedritne og late folk som berre bryr seg om seg sjølv og materiell vinning. Dette får me mange eksempel på i boka. Størstedelen av boka skildrar Johnny sine pessimistiske tankar om og syn på tilvære, Stavanger, Norge, “alkisar”, “narkisar” og “ekskrementspisarar”.

Stavange, Stavanger du finaste by!
Om det er noko bodskap kan diskuterast, men eg har kome fram til at bodskapen kan tolkast på to måtar. Her trur eg me må skilje mellom forteljaren Johnny og forfattaren Arild Rein. Forfattaren skildrar Stavanger på ein svært negativ måte gjennom Johnny. Dette kan anten tyda på at forfattaren faktisk synest Stavanger er ein dårleg by, eller så bruker han Johnny til å ironisere over eller motseie si eiga historie. Det at forfattaren brukar bruker ein kynisk “dritperson” til å fortelje oss at Stavanger er ein kynisk “dritby” blir for meg ironisk. Dette gjer boka bra fordi det er mange moglege måtar å tolka ho på.

“... var det året det blei slutt på norsk utanlandsgjeld og Noreg blei rentenist, plasserte dei jævla oljekronene i utanlandske fond for å få avkastning, altså arbeidsfrie kroner. Mottoet i Olje-Noreg er: La faen andre jobba som slavar og skapa verdiar, så kan me fjellapar sitta på fjelltoppane våre og skumma fløyten og runka kvarandre. Det er jo produksjon det òg.” Sitat frå “Kaninbyen”( A. Rein, 2004 s. 81-82)

Hans Erik Dyvik Husby,
vår elska eks-narkoman
Eg trur helst at forfattaren vil vise oss ein forteljar som ikkje er heilt til å stole på, ein øydelagd person som tenkjer konsekvent negativt om alt. Dette kan bety at Arild Rein kritiserer Stavanger for materialisme og grådigheit, men at byen ikkje er så ille som Johnny vil ha det til.

Eit anna perspektiv kan vere at Johnny er eit slags prov på at byen er forderva, fordi han har blitt sånn av å bu i han. At han har opplevd mykje negativt, blitt sparka frå jobben, faren døydde og han har truleg drive med ein slags form for narkotika, for eksempel anabole steroider.

Eg synes ikkje boka var kjempebra. Johnny er så kynisk og egoistisk at det er vanskeleg å tru på han. Samstundes er det mykje som har noko sant i seg i boka, berre at det er kraftig overdrive i høve til røyndomen. Forfattaren bruker humor på ein god måte, og eg synes at boka er ganske morosam, fordi han seier mykje som berre er for drøyt. Sitatet ovanfor er eit godt døme på dette. Alt i alt blei eg positivt overraska fordi det var mange som hadde snakka negativt om boka. Eg synes ikkje ho er så dårleg som nokre vil ha det til.

Litteraturliste:
“Kaninbyen” av Arild Rein, 2004, Samlaget. 

Bilder:
Bokbiletet blei henta frå Anne Kirsti si blogg.
http://www.aperitif.no/oppskriftsbilder/109413/Bakt-potet-225b.jpg
http://img.nrk.no/img/257920.jpeg
http://www.horecanytt.no/cache/image/13609/4/stavanger-v%C3%A5gen.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar